Ny ordning for sletting av studielån

Er du innbygger i Krødsherad, og er i jobb, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare flere hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån hvert år til det er nedbetalt. Tiltaket gjelder alle typer utdanningsgjeld, uavhengig av når den er tatt opp.

Opptjeninga starter fra og med 1. januar 2025, og gir gjeldssletting tidligst 1. januar 2026.

Dette skrev regjeringen i sin pressemelding den 1.januar på regjeringen.no

Alle yrkesaktive som bor i Krødsherad  1. januar 2025, eller flytter hit når som helst etter denne datoen, vil etter ett år kunne få sletta 25 000 kroner i året.

Les mer om ordningen på regjeringen.no

 

Fakta om den nye ordninga (regjeringa.no)

  • Alle kommunar i sone fem og seks i SSBs sentralitetsindeks er omfatta av ordninga. Det er totalt 189 kommunar utanom innsatssona.
  • For å kvalifisere for sletting av gjeld må ein ha budd i ein av kommunane i minst eitt år og vore yrkesaktiv etter du starta å nedbetale studielånet. Det er ingen krav til kva kommune ein jobbar i.
  • Oppteninga startar frå og med 1. januar 2025, som gir gjeldssletting tidlegast 1. januar 2026.
  • Oppteninga knytast til folkeregistrert adresse, og gjeld frå dato til dato i eitt år, uavhengig av kva dato flytting blir meldt.
  • Kravet om oppteningsperioden på 12 månader er same vilkår som gjeld for den eksisterande ordninga for sletting av gjeld i Finnmark og Nord-Troms.
  • 25 000 kroner blir sletta for dei som oppfyller vilkåra kvart år til ein har betalt ned heile gjelda.
  • Alle typar utdanningsgjeld frå Lånekassen kan slettast, uavhengig av om den stammar frå grunnskule- eller vidaregåande opplæring, høgare yrkesfagleg utdanning, høgare utdanning, eller andre utdanningsformer. Det er ingen krav til når gjelda blei teken opp.
  • Denne nye ordninga for sletting av studielån kan kombinerast med ordningane for sletting av studielån, både for nyutdanna lærarar og for lærarutdanna med spesialisering i realfag, framandspråk, samisk eller kvensk.
  • For dei som bur i dei 25 kommunane i Finnmark og Nord-Troms, aukar regjeringa beløpet som kan slettast frå 30 000 til 60 000 kroner per år, også frå 2026. Dei som jobbar som kvalifisert lærar i ein grunnskule i desse kommunane kan få ytterlegare 20 000 kroner av studielånet sletta kvart år.